Forlagets beskrivelse
Ein av Noregs leiande reiseforfattarar kryssar det veldige amerikanske kontinentet i ei unik blanding av historie, politikk og cowboyforteljing. Strøksnes oppsøker den fortapte bilindustrien i Detroit, spelar poker i Deadwood og går i antikrigsdemonstrasjon i mormonerbyen Salt Lake City. Møtet med den episke naturen, dei gjestfrie folka og den hardføre individualismen gjer noko med forfattaren. Reisa vestover blir også eit oppgjer med våre oppfatningar av det amerikanske «Heartland». Strøksnes avslører nådelaust klisjeane om Amerika. Rett vest er ei djupt original og velskriven skildring av USA - der forfattaren utvungent blander historie med elegante naturskildringar, og idéhistorie med personlege møter med allminnelege amerikanarar
Flere bøker av Strøksnes, Morten A
Liknende bøker
Anmelde boken
Skriv en anmeldelse, og del dine synspunkter med andre. Prøv å fokusere på bokens innhold. Les våre instruksjoner for mer informasjon.
Rett vest
Bokanmeldelser » Rett vest : Cape Cod til Big Sur
|
|
|
|
|
|
|